Men Rally Treungen ser fremover og ønsker seg NM runde.

Rally NM til Gautefall?

Nå er alt klart til Rally Treungen 2006. Dei ulike fartsetappene er kjempeflotte med store brøytekantar. I år blir det køyrd 4 fartsetapper totalt, to stk som blir køyrt to gonger. Etappe 1 og 3 blir køyrd frå Heimdal i Treungen og over til Haugstøyl, som er nesten på Felle. Etapppe 2 og 4 blir køyrd frå kraftstasjonen på Haugsjåsund og til Tjønnefoss som ligg ein kilometer sør for Tjørullkroa.

Fyrste etappe er på 22 kilometer , og etappe to er på 5,5 kilometer . Dette vil bli totalt 5,4 mil med full gass. Start skal vere i Treungen sentrum ved kommunehuset, og målgang blir ved bistroen på Gautefall, der også premieutdelinga og rallyfesten om kvelden går føre seg. Alt er duka for eit flott løp i Treungen. Rally Treungen skal i framtida heite Rally Gautefall, fordi me ynskjer å marknadsføre Gautefall og områda rundt Treungen og Drangedal.

Det er blitt lagt nye mål for dette løpet. Den dagen eg reiste ned til Kristiansand automobilklubb hausten 03 og spurte fint om dei ville hjelpe meg å lage eit løp, så trudde eg aldri at dette skulle bli så stort. Når dette er kome såpass langt, ligg det i min natur at dette skal bli endå større.
Eg er kanskje litt galen, men det får så vere: Målet nå er at me kan bygge dette løpet større i retning Nissedal og Drangedal slik at me får ein større geografisk heilhet med fartsetapper i Treungen, Gautefall og Drangedal, og med base på Gautefall.

Eg vil nå ta kontakt med motorsportklubbar i Telemark og prøve å få bistand slik at dette kan hende vil la seg gjere. I dag er løpet lagt opp til eit miniløp, og grunnlaget er lagt for vidare utvikling , klarer me å få ein NM runde til distriktet vil det ha ein flott markeds effekt.

VM kjem kanskje til Norge, me ynskjer NM til Gautefall, og Telemark. Sporten er meget populær, og det vil trekke masse mennesker.

Kilde: Pressemelding

Rally Treungen 2006

www.norsk-rally.com / Preben Berg, Ragnar Engen, Per Broen og Tommy Holt