Etter ein dårleg vinter i år der løpet blei avlyst, så er Rally Treungen 2006 under full planlegging. Datoen for løpet blir laurdag 25. februar 2006.
Start blir i Treungen sentrum medan målgang blir på Gautefall.
I år blir det fire fartsetappar som skal køyrast med til saman 5,5 mil med full gass.
Etappe ein og tre blir frå Heimdal over til Felle, medan etappe to og fire blir frå Haugsjåsund til Tjønnefoss, via dammen.
Løpet er i år så stort at det blir lagt inn service midtveges på industriområdet.
Det blir jobba med fleire engelske deltakarar og me håpar at fleire av dei kan ta turen.
For at dette løpet kan arrangerast så er Kristiansand automobilklubb kopla inn. Dei står for arrangementet, medan Nissedal og Treungen Utvikling har ansvaret for sponsorar, tv, radio og presse.
I år blir det sponsorplass og matstasjon ved Lonvatn, der blir det også sal av grillmat.
Det blir også høve til å flyge helikopter over løpet, medan bilane køyrer i 150 km/t.
Du finner mere info om løpet på sidene til Treungen.
Kilde: Pressemelding